N--- Eng---D
Gløtten Hytter

velkommen
hyttene
fiske
vinterferie
kontakt
 
LES OM:
Urnes stavkyrkje
Breheimsenteret
Nigardsbreen
Luster Reiselivslag

Urnes stavkyrkje
blei bygd tidleg på 1100-talet og er Noregs eldste stavkyrkje.
Deler av ei endå eldre kyrkje blei brukt under bygginga.

Særleg betydeleg er nordportalen. Inne er kyrkja prega av den varme fargetonen i det århundre gamle furutrevirke. Frå middelalderen stammar mellom anna bispestolen i koret, lysestakane og treskulpturen av Jesus, Maria og Johannes.

Reformasjonsårhundret har etterlete sine tydlege spor; benkane, dei lukka kyrkjestolane og dekorasjonane. Altertavla og preikestolen er ifrå det 17. århundret.

Den lukka kyrkjestolen til familien Munthe representerer eit grovt inngrep i kyrkja sin konstruksjon.
Då den blei bygd, måtte to av bæresøylene (stavane) fjernast, og det blei nødvendig med andre støttetiltak.

Urnes stavkyrkje er mellom dei viktigaste kulturminne i Norge og er ført opp på UNESCO si liste over særleg verneverdige kulturminnesmerke saman med Bryggen i Bergen og Bergstaden i Røros ("World Heritage List").