N--- Eng---D
Gløtten Hytter

velkommen
hyttene
fiske
vinterferie
kontakt
 
LES OM:
Urnes stavkyrkje
Breheimsenteret
Nigardsbreen
Luster Reiselivslag
Brevandring på Nigardsbreen

FAMILIETUR
1-1,5 time på isen
Ein lett og triveleg tur som høver for alle frå 6 år og oppover. Ingen krav til deltakarane bortsett frå at dei må ha sko/støvlar med låge hælar, som joggesko etc. og klede som dekkar heile kroppen (ikkje shorts)
Tidspunkta referer til møtetid ved iskanten.

Sesong 28/6-15/8
Tid 11:30, 13:00 og 14:30
Krav min. 6 år, sko/støvlar med låge hælar, klede som dekkar heile kroppen (ikkje shorts)
Frammøte Ved venstre brekanten min. 30 min. før turen startar. NB! Ca. 45 min. frå parkeringsplassen fram til breen
Pris vaksne kr. 140.- / barn kr. 70.-
Billettar Hos breførar, ved start

KORT BLÅISTUR
ca. 2 timar på isen
Ein kortare blåistur. Tilsvarar Blåistur når det gjeld krav til utstyr, alder og klede.

Tidspunkta referer til møtetid ved utstyrslager, FØR BÅTTUREN.
Kontakt straks breførar ved utstyrslager.

17/5-12/9 12:00
14/6-22/8 14:30
28/6-15/8 16:00
Krav min. 12 år, klede som dekkar heile kroppen (ikkje shorts)
Frammøte Møt breføraren ved utstyrshytta på parkeringsplassen ved Brevatnet. Hugs booking på Breheimsenteret
Pris 310.- inkl. båttransport
Billettar Breheimsenteret seinast 1 time før frammøte

BLÅISTUR
ca. 3 timar på isen
Dette er ikkje ein hard og kondisjonskrevjande blåistur sjølv om den går i litt vanskelegare delar av breen. Her kan du oppleve og utforske dei flottaste formasjonar og fargar i nedre delen av bretunga. Inkludert i prisen er komplett breutstyr samt brestøvlar for dei som ikkje har eigne turstøvlar. Ta med varme og vindtette klede, mat og drikke.
Tidspunkta referer til møtetid ved utstyrslager, FØR BÅTTUREN.
K
ontakt straks breførar ved utstyrslager.

17/5-5/09 12:30
28/6-22/8 10:00
Krav min. 12 år, klede som dekkar heile kroppen (ikkje shorts)
Frammøte Møt breføraren ved utstyrshytta på parkeringsplassen ved Brevatnet. Hugs booking på Breheimsenteret
Pris 390.- inkl. båttransport
Billettar Breheimsenteret seinast 1 time før frammøte