N--- Eng---D
Gløtten Hytter

velkommen
hyttene
fiske
vinterferie
kontakt
 
LES OM:
Urnes stavkyrkje
Breheimsenteret
Nigardsbreen
Luster Reiselivslag

Breheimsenteret
ligg ved inngangen til Nigardsbreen. Breheimsenteret er informasjonssenter for Jostedalsbreen Nasjonalpark, og utstillingane med filmen er vel verd eit besøk.

Billettane til breturen på Nigardsbreen kjøper du på Breheimsenteret.

Utstillinga i Breheimsenteret lærer deg alt du treng å vite om breen og historia knytt til breen. Særleg interessant er det at breen veks fleire meter kvart år, trass i at temperaturen på jorda stig. Og interessant er det også å sjå den delen av utstillinga som omhandlar notida. Den er kalla "Luster i dag", og viser dagleglivet i ei bygd mellom breen og Sognefjorden.

Filmen i auditoriet, på storskjerm, tek deg med ut i Sognenaturen, blant fjordar, brear og fjell.

Breheimsenteret har også ein god kafè, med varme og kalde rettar heile dagen, samt ein terrasse med fantastisk utsikt til Nigardsbreen. Tenk å sitje på terrassen med ei kald øl etter ein strålande dag på breen!
Du finn alt frå frå Dale of Norway til postkort og frimerke i souvenirbutikken.

Kajakk på brevatn
Har du sett bilete frå Antarktis, med svære isfjell flytande i sjøen, og ein massiv brefront i bakgrunnen?
Dette kan du også sjå i Jostedalen. Alt du treng å gjere er å booke ein tur med med Icetroll. Og ikkje berre kan du oppleve å sjå isfjell, du kan padle rundt mellom dei, og er du heldig, ser du store blokker av is ramle ned frå brefronten.
Kajakkturane er spektakulære, der du padlar i kraftige, doble kajakkar, mellom isfjell på det blågrøne Styggevatnet.