Gløtten Hytter, Hafslo

Gløtten Hytter er ei lita hyttegrend på nordsida av Hafslovatnet

Naturvakre og solrike Hafslo ligg midt mellom regionsenteret Sogndal (18 km) og kommunesenteret Gaupne (18 km) og er det ideelle utgangspunktet for å nå dei mange attraksjonane i regionen. Hafslovatnet er kjent for sitt gode aurefiske. Gløtten Hytter har eigen båt – og badeplass. Bruk av robåt er gratis, båt med motor til leie. Sykkel kan leigast. Parkering tett ved hyttene. Avstand til butikk, post og bank er 1,7 km.
Vertskapet har gode kunnskapar om regionen og svært gode språkkunnskapar i engelsk og tysk. Vår region har det beste og mest stabile klimaet på heile Vestlandet.

Diverse avstandar frå Gløtten Hytter:

Kvifor komme til Gløtten Hytter?

  • Sentralt plassert blant store attraksjonar.
  • Fiske i Hafslovassdraget – utleige av fiskestong, båt
  • Fantastiske moglegheiter for korte og lange fotturar
  • Spennande dagsturar med bil
  • Sykkelutleige
  • Eigen badeplass
  • Koseleg hytte i vakker natur

Gløtten Hytter ligg sentralt til for å nå dei viktigaste reisemåla i regionen: Nigardsbreen, Urnes stavkyrkje og Jotunheimen. Solvorn og Veitastrond er absolutt verd eit besøk. Sameleis er det eit fint utgangspunkt for dagsturar til Flåmsbana, Fjærland, Balestrand og Sognefjellet. Jamvel ein tur til Bergen tek berre fire timar. I Hafslo sentrum (1,7 km) finn du butikk, post, og bank.

© 2012 Gløtten Hytter | Adresse: Nistevegen, 6869 Hafslo | Epost: post@glottenhytter.no | Telefon: 57 68 44 44 | Mobil: 990 13 046