|
er
ei lita hyttegrend ved Hafslovatnet,
i Luster kommune, 18 km frå Sogndal. Hyttene,
som er lafta, har eigen båt-
og badeplass og ligg solrikt
til med fantastisk utsikt.
Gløtten Hytter er ideelt
for deg som vil ha ein stille ferie
med avkobling, fiske, fotturar
og spennande rundturar i det beste
området Norge kan by på.
Hafslovatnet
og hafsloauren er vide kjent.
Det er ikkje uvanleg å få fiskar
på over 2 kg.
Gløtten Hytter ligg sentralt
til for å nå dei viktigaste
reisemåla i regionen: Nigardsbreen,
Urnes stavkyrkje og Jotunheimen.
Solvorn og Veitastrond er absolutt
verd eit besøk.
Sameleis er det eit fint utgangspunkt
for dagsturar til Flåmsbana, Fjærland,
Balestrand og Sognefjellet. Jamvel
ein tur til Bergen tek berre fire
timar.
Hyttene
er nye og velutstyrte med stove,
2 soverom, kjøken
og bad. Mot Hafslovatnet har hyttene
ein møblert balkong.
Bruk
av båt er gratis. Kano
og sykkel kan leigast. Parkering
tett ved hyttene.
I Hafslo sentrum (1,7 km) finn du butikk, post,
bank, bakar, og kafe.
På desse sidene finn du
meir om Gløtten Hytter og
alle tilboda i nærleiken.Ta
kontakt så skal me syta for
at du får eit minneverdig
opphald i Sogn.
|